Då eg spurde Herren om kvar eg skulle byrja denne undervisninga, fekk eg til svar: "Ta til i sentrum!" Eg skjøna at eg skulle ta til med Golgata. Det er eg glad for, då det er mitt kjæraste emne. Dåpen er det mest ømtålege av alle lærespørsmål, - det som vel har skapt mest strid i kyrkja si soge. Den striden har kosta mellom 30 og 50.000 kristne livet. Og ofte var det ein grufull død desse såkalla anabaptistane måtte lida.
I dag òg har ulik dåpslære og praksis ein tendens til å setja skilje mellom kristne. Andre lærespørsmål valdar òg vanskar. Me kjenner og skjønar at kristne innan andre leirar er våre kjære brør og søstrer i Kristus. Men dei sterke åtvaringane mot falsk lære held oss kanskje attende frå å ha noko med dei å gjera, eller å pleia brodersamfunnet med dei. Korleis kan me ha samfunn med kristne frå andre leirar og samstundes stå fast i den sunne læra? Har me ein sams grunn å stå på?
Svaret er Golgata! Under eit lite bønesamvær den 12. januar 1975, viste Gud meg noko om dette. Eg fekk sjå Golgata. Det skein eit himmelsk lys over Golgata, men rundt omkring var det stummande mørkt. Midt i lyset, hang Jesus på krossen med kroppen forvridd i forferdeleg liding som mest ikkje var til å halda ut å sjå på. Men samstundes var det som Jesu kjærleik strøymde ned til oss som nærma oss, slik at alt inne i oss smelta. Me kjende me var på heilag grunn og måtte bøya oss med andletet mot jorda i ærefrykt og tilbeding. Me kjende den sterke smerte over Jesu liding, men òg varmen av Jesu kjærleik som liksom strøymde gjennom oss og gjorde alt så mjukt og varmt inne i oss. Eg såg det var ein illustrasjon til Ef. 2,11-18, der det står at på Golgata reiv Jesus ned skiljeveggen - fiendskapen.
Jødane har alltid hatt strid med heidningfolka rundt om dei, og med dei som dei har vore spreidde mellom. Templet var oppdelt i føregardar og rom. Heidningane kunne berre koma inn i heidninge - føregarden, kvinnene der kvinnene høyrde til, og mennene for seg. Prestane var for seg, og så hadde me det heilage der prestane ofra og det høgheilage der berre øvstepresten kunne gå inn. Men då Jesus anda ut på krossen, rivna forhenget mellom dei to romma. Den himmelske øvstepresten hadde gjort soningtenesta ein gong for alle. Og det galdt ikkje berre for jødar, men for heidningane òg. "Han gjorde dei to til eitt og braut ned det gjerdet som er skiljeveggen, fiendskapen." Ef. 2,14. Men stridande kristne har etter kvart bygd opp nye skiljemurar, og lærestridar har ofte forgifta tilhøvet mellom oss kristne. Det er klårt imot Guds ord som formanar oss: "Legg vinn på å halda Andens einskap i fredens samband: Ein lekam, og ein Ande, liksom de er kalla med ei von i dykkar kall, ein Herre, ei tru, ein dåp, ein Gud og Fader til alle, han som er over alle og gjennom alle, og i alle."Ef. 4, 3-6. Forhenget rivna då Jesus døydde. Det finnest ingen skiljevegger eller forheng i Andens tempel. Me er alle ein familie, ( Ef. 2,19 ), eit tempel ( v. 21 ) og ein heim ( v 22 ). Alle me som er fødd på ny, har same Far i himmelen og me er alle søsken anten me likar det eller ikkje. Og Jesus er vår bror. Me har Ef. 4,11-16 som mål. Det ser ut til at det kan ta noko tid før det målet er nådd, endå me ser at Gud held på å gjera forunderlege ting. Kvar kan me møtast? Me kan møtast på Golgata. Der kan me ikkje stridast om noko som helst. Det såg eg klart den 12. januar. Me kunne berre gjera ein ting.
Då det fyrste bildet vart skift ut med eit nytt, såg eg ei stor mengd med menneske som kom og bøygde kne under korset, så mange at det ikkje var plass til alle inne i lyskrinsen. Er det det me ser for augo våre, at Kristi kjærleik slik får smelta hjarto våre at stridsspørsmåla blir ein smerte for oss, så skal me snart òg nå målet i Ef. 4,11-16.
Det var å bøya våre kne og tilbe: "Her under korset kneler jeg ned, her under korset finner jeg fred".
Kor langt kan me tøya oss i lærespørsmål?
Johannes gir oss svaret i 1. Joh. 4,1-4:"Jesus Kristus er komen i kjøt". Guds Son tok bustad i ein menneskelekam. Med den skulle han gjennomleve våre kår, sona vår synd og nedkjempa djevelen si makt og hans herredøme. Den som forkynner dette, har det minimum av læregrunnlag som Bibelen krev. På det grunnlaget kan me helsa kvarandre som brør. Me har ein trygg grunn å stå på, og grunnen er nettopp Golgata.
Eit teikn: Joh. 13,34-35
Det heile er så enkelt. Me har ein grunn å stå på: Golgata, og me har eitt teikn å sjå etter: Kjærleiken. Og i kjærleik skal me òg få omgåast kvarandre og ha samfunn med kvarandre. Me skal sleppa å slå av på det Gud har vist oss i sitt ord og som me er overtydde om. Det gjorde ikkje døyparane som vart forfylgde, og det skal ikkje me heller gjera. Men me skal vera true mot sanninga i kjærleik. Let me oss leia av Guds Ande så dreg me ikkje fram stridsspørsmål i alle samanhangar, for me kan setja vår lit til at Den Heilage Ande gjer si gjerning med å overtyde våre brør slik han har gjort det med oss i visse spørsmål. " Då skal dei ikkje læra kvar sin neste og kvar sin bror og seia: Kjenn Herren! For dei skal alle kjenna meg, både små og store, seier Herren". Jer.31,34.
Og det underlege er at når me er fyllte av Kristi kjærleik, så kan me snakka om vanskelege spørsmål utan å bli uvener.
Kor lukkelege me er som har Golgata å samlast på!!
Mitt vitnemål:
I mitt arbeid som prest i Fjelberg prestegjeld i Sunnhordland, fekk eg med eit ektepar å gjera som søkte utmelding av kyrkja, for dei ville la seg døypa og gå inn i pinselyden på Stord. Eg prøvde å overtyde dei om at den dåpen dei eingong var døypte med, måtte greia seg. Eg hadde vel omlag det tradisjonelt Lutherske syn på dåpen. Men eg må vedgå at eg hadde ikkje stort sett meg inn i andre trussamfunn sine syn på dåpen. Eg levde i den tru at ingen hadde så klårt syn på evangeliet som den Lutherske kyrkja, så eg hadde ikkje funne nokon grunn til å gå nærare inn på dåpsspørsmålet. Ein av studiekameratane mine på Misjonsskulen i Stavanger studerte ymse skrifter om dåpen og kom i anfekting av den grunn. Eg ville ikkje la meg forvilla i tankane på den måten, så slike skjær i sjøen var det best å halda seg klar av. Når eg tala om dåpen, brukte eg dei orda som NT har om dåp på barnedåp og tolka 1.Pet. 3,21 som byrjingsfrelse og Tit. 3,5 brukte eg utan vidare om barnedåpen. Men eg kan aldri hugsa eg brukte barnedåp til trøyst for folk i anfekting. Eg hadde sterkare inntrykk frå bedehuset enn frå kyrkja og eg var klår over at dåpen ikkje måtte gjerast til sovepute for ufrelste menneske. Eg visste dei måtte omvenda seg og ta i mot Jesus som frelsar. Men barnedåpen trudde eg var rett dåp. Dette ekteparet lånte meg boka av Johannes Warns: "Apostolisk Dåp". Eg tenkte at ei slik bok kunne væra nyttig å lesa, så eg kunne stå betre rusta til å slå attende åtak på barnedåpen. Men eg vart både forskrekka og forbausa då eg oppdaga at her nok var viktige ting eg hadde oversett. Eg hadde, sant å seia, ikkje vore det minste i tvil om at pinsevener og baptistar var på villspor i dåpsspørsmålet. Så eg var storleg forundra då Johannes Warns ikkje berre kom med påstand om, men òg prova at barnedåpen er utan grunnlag i Guds ord. Ein sein kveld eg las på dette, måtte eg sjå på at heile den fine dåpsbygningen eg hadde frå før, rasa i grus. Grunnvollen hadde svikta. Eg tenkte eg nok skulle få han opp att når eg fekk summa meg, men det har aldri lukkast.
Omlag samstundes vakna òg for alvor mi interesse for Andens dåp og nådegåvene. Men eg hadde alt lenge, i stilla bedt om gåva til å tala i tunger - eller rettare gåva til å be i tunger, då eg var klår over Paulus si verdsetjing av den gåva. Då eg las om den karismatiske vekkinga i Amerika, fekk eg ein løynleg lengt i meg. Men endå var dette med dåpen i Anden nokså ukjent for meg. Eg trudde nærmast det var noko svermeri som pinsevenene hadde patent på. Men då eg kjøpte og las John L. Sherill si bok: "De taler i tunger", kom òg dette i eit nytt ljos for meg, og eg tok til å lengta sterkt etter å bli fyllt med Anden og å få tala med Jesus i tunger. Eg las og ba mykje og eg søkte samtale med nokre grannar som eg skjøna måtte ha opplevd dette. Dei var nok òg mykje i bøn for meg. Då det i Luthersk Kyrkjetidende vart utlyst ein "karismatisk" konferanse i juni 1972, tok eg steget og melde meg på. På vegen til dette møtet på Flekkerøy arbeidde eg òg med spørsmålet om dåp i vatn. Eg var klår over at lydnad var eit vilkår for å bli fylt med Anden. Men eg sa til Gud: "Dersom du krev av meg at eg skal la meg døypa i vatn, så har eg ikkje kraft til det, for det ville få så store konsekvensar. - Det var mest slik at eg kvakk til der eg sat bak rattet, då det lydde klart i eit av øyrene mine: "Du skal få kraft idet den Heilage Ande kjem over deg". - "Ja", sa eg til Gud, "kan du ordna det på den måten, så er det i orden". Jesus heldt det han lova, og meir enn det. Den 6. juni 1972 rørte han ved kroppen min til lækjedom. Den 7. juni opplevde eg Andens dåp - ein revolusjon i mitt åndelege liv. Men min del av lovnaden var det vanskelegare med. Eg prøvde nok, utan at eg var heilt klår over det sjølv, å koma unna den. Men Herren var meg nådig som stogga meg. Det var i Sarons Dal, under ungdomsstemnet i juli 1973. Det gjekk ikkje utan kamp. Det var som det tårna seg opp fjell av hindringar. Men Jesus vart meg for sterk. Misjonær Thor Thorsen døypte meg i elva, litt lenger oppe i dalen i Sarons Dal. Det vart ei heilag stund. Eg hadde fått oppleva det som eg hadde lengta etter dei siste månadane. Ei tung bør var letta av meg, med fred i hjarta. Og eg visste at Jesus ville vere med vidare òg, steg for steg.
Kva seier Bibelen om dåpen?
Eg tykkjer at dei ulike skriftavsnitta om dåpen viser oss dåpen frå ulike sider. Dei skal me nå prøva å ta for oss.
1.
Matt. 28,18-20:
I Kongen si tenesta.
I Matteus - evangeliet er grunntanken: Guds Rike. Jesus er Kongen i dette riket. Gud har all makt i dette riket, og i det 28. kap. stig han fram og gir sine utsendingar bod å om gjera dette riket kjent i alle nasjonar.
Bodet går ut på å vinna læresveinar. Det ligg i det greske ordet MATEVSATE som tyder å gjera til læresveinar eller vinna læresveinar. Det skjer ikkje ved å døypa og læra, endå det ser ut slik ved fyrste augnekast. Markus 16,15 viser det: "Gå ut i all verda og kunngjer evangeliet for all skapningen!" Ap.gj. 14,21 viser òg dette klart: "Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar (Metevsates) !" Dessutan ser me av den apostoliske praksis at når evangeliet vart forkynt og motteke, så kom det på tale med dåp. Det ser me mellom anna på 1. pinsedag, i Kornelius sitt hus og hos fangevaktaren i Filippi. Det utelukkar òg at det kan vere aktuelt å døypa born, som grunna alderen ikkje er i stand til å reagere på evangeliet. Ein klårare omsetjing av Matt. 28,19-20, hadde vore: "Gå då ut og vinn læresveinar blant folkeslag. Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande og lær dei å halda alt det eg har bode dykk". Å bruka presens partisipp i opprekninga er vanleg på gresk. (døypande og lærande).
2.
Krossvegen med Kristus.
Rom.6:
Heile kapitlet talar om helging. Her kjem dåpen inn. Spørsmålet er: Kva med det gamle mennesket som er sete for den gamle slaveherre, synda? Ved Jesu blod er me fri frå syndeskulda. Den frikjenninga får me del i ved trua på Jesus Kristus. Men kva skal me bruka denne fridomen til? Skal me la den gamle tyrannen, synda, tura fram som før?
Nei, synda har mist sitt gamle herredøme fordi det gamle mennesket er avgått med døden, med Jesus på krossen.
Det er noko me veit. Det er eit faktum ( v/6 ). At me trur dette er eit faktum, kom til syne då me let oss gravleggje i dåpsvatnet. Me vart døypte til Kristi død. Rom.6, talar ikkje om ein dåp til Jesu soningsdød for våre synder, men hans død som medfører død over vårt gamle syndeliv. Av dåpsgrava står me opp til ein ny livsstil. Arven frå Adam er broten. Me kan gå inn i ein ny måte å leva på. Er dåpen berre ein bekjenning til dette, eller skjer det noko objektivt i og med dåpen? Det er ei bekjenning. Men Rom.6 og andre ord om dåpen tykkjest òg å syna at det skjer noko med oss. Når me er lydige mot Ordet, brukar Gud det alltid til noko. Det er ikkje syndfrihetslæra Paulus kjem med i Rom.6, men han vil visa at det gamle slavetilhøvet til synda er borte. Det gamle mennesket sin død er eit objektivt faktum ( v/6 ). Det skal me få lov å gjera rekning med, ( v/11 ), anten me føler det slik eller ikkje. Det avgjerande er kva Gud seier i sitt ord. Når me har tatt imot Jesus og er fødde på nytt, har me blitt eit nytt menneske: Jesus, som bur der ved trua i hjarto våre. Men slik som Gud for Adam og Eva hadde staka ut ein krossveg, endå dei var fullkomne, så langt dei var komne, og syndfrie, slik må me òg, som gjenfødde menneske, gå krossvegen med Jesus. Jesus sa: "Vil nokon vere i lag med meg, må han ta krossen sin opp og fylgja meg". Det er ikkje den gamle Adam som skal druknast ved dagleg anger og bot, som Luther seier, men det nye mennesket skal læra å gå krossvegen - ein vekst i lydnad. For endå Jesus "lærde lydnad av det han leid", Hebr.5,8. Den gamle Adam er avgått ved døden. Det skal me få lov å gjera rekning med ( Rom.6,11 ). Nå skal me byrja å leva etter eit nytt livsmønster, i samsvar med det nye som er fødd i oss. Det er eit liv i lydnad mot Jesus, når Herren, som bind oss til seg med den kjærleiken som gjorde at han gav livet sitt for oss. Nokon kallar det å la seg døypa, å gå lydnadsvegen ( "gå lydighetens veg" ). Men det er vel rettare å seia at dåpen er det fyrste steget på lydnadsvegen, eller i alle fall eitt steg på den vegen. I og med dåpen har me slått inn på lydnadsvegen. Det et eit viktig steg, som det tydeleg var for Jesus òg. Det er vel difor verdslege menneske òg kan godta barnedåpen, for djevelen brukar han til å hindra at me skal slå inn på lydnadsvegen. For den er han livredd me skal gi oss inn på.
3.
Gal.3, 24-27:
Nye klede - Jesus - Jesusgjerningar.
Når me omset Gal.3,26 slik som det står i grunnteksta, så kjem heile avsnittet i eit klårare ljos. Der står det søner og ikkje born, "for de er alle søner ved trua på Kristus Jesus". Noko liknande gjeld òg i Gal.4,5: "så me skulle få søneretten". Når greske guteborn kom i ein viss alder, vart dei "adopterte" av foreldra og fekk då søneretten og plikter. Dei vart rekna som vaksne menneske med ansvar. Dåpen tykkjest å ha noko med denne sønestatusen å gjera. Det nye menneske skal ikkje berre leva inni oss, men det skal gjennomsyra vårt ytre livsmønster òg. Det ser me tydeleg når me slår opp Kol.3,10. Les me frå vers 5, ser me kva me skal kle av oss, summert opp i v/9 i "det gamle menneske". Vers 12-14 forklarar kva det meinest med "det nye menneske". Altså har dåpen her òg ( i Gal.3,27 ) med helging å gjera. Samanlikn Ef.4,17-32. Me skal altså ikkje vere som born, som støtt gjer eitkvart gale, men slike som har fått sønestatus og veit korleis me skal "ferdast i Guds hus". Det er i samsvar med det nye menneske som er fødd i oss, for me er omskorne på hjarta. Konf. Kol.2,11.
4.
Kol. 2,9-12:
Hjarteomskjeringa.
Me kan sjå litt på omsetjinga fyrst.
King James har ei nokolunde ordrett omsetjing: "........in putting off the body of the sin of the flesh by the circumcision of Christ: Buried with him in baptism.......".
Noko kolon står det ikkje på gresk. Ei meir ordrett omsetjing på norsk ville lyde: ".......ved avkleding av kjøtslekamen ved Kristi omskjering, gravlagde med han i dåpen.......".
I alle fall står det ikkje at Kristi omskjering er dåpen. Det står ikkje noko likskapsteikn mellom Kristi omskjering og dåpen. Det er det då heller ikkje. Det viser andre ord om same tema. Me kan ta Ap.gj. 2,38, der Peter seier: "Omvend dykk og lat dykk døypa....". Og ser me etter kva Kristi omskjering står for, så vil me finna at ho nett er det same som omvending, eller det i omvendinga som svarer til "metanoia" - sinnsforvandling, Ap.gj. 3,19.
Sjå: 5.Mos. 30,6 og 10,16. Esek. 36,26-27 Jer. 31,31-34 og 4,4 Rom. 2,28-29.
Når det gjeld tolking av Kol. 2,9-12, må me òg ta med at det i den apostoliske praksis var kort tidsavsnitt mellom omvending og dåp, så det mest høyrer til ei og same oppleving. Men når det er sagt så må det òg presiserast at Paulus tydelegvis tilla dåpen stort verd, ikkje med sin sakramentale verknad, men som eit moment i Guds helginggjerning med oss. Me skal ikle oss Kristus - ferdast i ein ny livnad, ein ny livsstil. Men det heile er på grunnlag av indre forvandling, ved atterfødigsunderet, på det indre plan, eit verk av Den Heilage Ande, - hjarteomskjeringa. Me har sterke ord om at atterfødigsunderet skjer ved Guds ord og Ande i den som trur på Jesus Kristus,- Joh.3,36 , Rom. 5,1 , Ef. 2,8. Det står at evangeliet er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, Rom. 1,16. Jesus sa: "De er alt reine for skuld ordet eg har tala til dykk", Joh. 15,3. Peter minner sine lesarar om at dei er "attfødde, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæde, ved Guds ord, som lever og varer", 1. Pet. 1,23. Og Jakob skriv: "Etter sin vilje har han (Faderen) fødd oss ved sannings ord",Jak. 1,18.
Dåpen er fyrst og fremst ei ikleding av alt dette nye me har fått i Kristus ved atterfødinga. Dåpen tyder ei avlegging av det gamle (død med Kristus) og så inngangen til det nye (oppstoda), alt uttrykt ved neddukkinga i dåpsvatnet og det å stiga opp or vatnet. Det er likevel ikkje berre ei avkleding av det gamle, men ei gravlegging av det gamle mennesket. Det er noko som i åndeleg meining skal liggja igjen i dåpsgrava.
5.Mos. 30,6,
og andre skriftavsnitt som handlar om hjarteomskjeringa, ikkje minst Rom. 2,28-29, viser at det er hjarta det spørst etter. Omskjeringa på kjøtet - altså det ytre teiknet, gjorde ingen til rett jøde. Kor mykje mindre gjer då den formelle dåpshandling nokon til ein sann kristen. Men den som går til dåpen med den forventning som Guds ord gir grunn til, får i dåpen oppleva eit møte med Jesus som er av stort og avgjerande verd. Han får eit ytre teikn som kan samanliknast med omskjeringa i den gamle pakt. Det teiknet skilde Guds folk frå heidningane. Dåpen, brukt på bibelsk vis, er det kraftigaste farvel med til verda noko menneske kan seia. Og det er ei erklæring om å fylgja Jesus saman med Guds folk. Det er eit ja til den smale vegen mot "lovnadslandet" - med Jesus, mot straumen. Dåpen skaper ei indre og ytre frigjering som er av avgjerande verd for vidare vokster i kristenlivet. Det er òg ei krigserklæring mot Satan og verda. Og i den kampen sigrar me berre så lenge me står på Jesu fullkomne siger, Kol. 2,15. Bibelen tillegg ikkje dåpen nokon sakramental verknad. D.v.s. - han har ikkje nokon frelsande kraft lausriven frå ein positiv reaksjon på evangeliet og omvending, eller for å seia det enklare: det å ta imot Jesus som sin Frelsar.
Dersom barnedåp, som nokre seier, gir det beste uttrykk for evangeliet om Guds ufortente nåde, så skil det lite på at evangeliet er det same som rein magi. Men dåpen er alltid knytt opp til evangelieforkynning, omvending og tru. Men på den andre sida, å læra at dåpen berre er ei symbolsk handling, er å falla i ei anna grøft. Dåpen er ein viktig Guds reiskap. Gud har sikkert ikkje kunna gi oss full forståing av kva dåpen er, og gir. Men det me treng å vita, står i Guds ord og det må me verken dra noko frå eller leggja noko til. Det me må gjera er å la det eine skriftordet forklara det andre, og prøva å få eit heilskapsbilete som ikkje er i disharmoni med noko skriftord. Me må sjølvsagt ikkje byggja noko læra på våre eigne opplevingar i samband med dåpen. Men det er likevel ikkje utan interesse. Nokre har i samband med dåpen opplevd åndsdåp - det same som Jesus opplevde, Luk. 3,21-22. Det er òg i samsvar med det Peter sa på pinsedag: "Omvend dykk og la dykk alle døypa.......så skal de få Den Heilage Ande i gåve". Det var meir forkynt her i landet før, og mange fekk oppleva det. Kanskje me må til å ta det fram att, så vil me igjen få oppleva sanninga i apostelordet. Mange har òg fått oppleva lækjedom i samband med dåpen. Det står ikkje nokon direkte lovnad om det. Men når me blir sette over i Guds kjære Sons rike, så høyrer òg lækjedom til barneretten. For meg kjendest det slik at eg fekk leggja bort min tidlegare livsstil og alle mine ambisjonar og gi det alt over i Jesu hender. Det var som å leggja av ei tung bør. Og Gud fyllte meg med ny fred og harmoni.
Ved fleire høve i N.T. er nemnt at etter dåpen la apostlane hendene på dei og dei tok imot Den Heilage Ande. Det er ein praksis som me òg finn att i kyrkjesoga. Etter det Bjarne Hareide skriv i ei bok om konfirmasjonen, så vart konfirmasjonen seinare ein erstatning for denne handspålegginga. Det er vel fordi ingenting synleg skjedde då dei la hendene på borna etter barnedåp.
5.
1.Pet. 3,14-22:
Venskap med Jesus er fiendskap med verda.
Antitypon - motbilete må vel her sikta til at arka flaut oppå vatnet, medan me blir dukka i vatn i dåpen. Sosein - frelse dekker eit vidare område på gresk enn på norsk. Døme: Matt. 8,25:"Herre hjelp (soson), me går under!" - Jak. 5,15: ....og den bøna av tru skal hjelpa (sosei) den sjuke". Her i 1.Pet. 3,21, er det ikkje tenkt på byrjingsfrelse, men å bli skilde frå verda, slik som vatnet skilde Noa og hans folk frå dei gudlause på hans tid. Og det er nett dette me har sett ut frå mange av dei bibelavsnitt me har hatt for oss. Dåpen set eit markert skilje mellom oss og verda. (Noko som spebarnsdåp aldeles ikkje er eigna til, for den kan godtakast av verda.) "Ureinskap (skit) på kroppen" - det er truleg her tenkt på utflod, og slike ting som gjorde at jødane, etter Moselova, måtte ta eit bad og overhalda ei reinsingstid. Dåpen måtte ikkje forvekslast med det. "Godt samvits pakt" - kan og omsetjast med: "Godt samvits bøn (svar)". "Trulova med ein mann", talar Paulus om i 2. Kor.11,2. Når me er fødde på nytt og fylte med Guds Ande, så er me bundne til Kristus med så sterke kjærleiksband at det finaste og ømmaste kjærleikstilhøve mellom to menneske blir nytta som bilete.
Dåpen er ei stadfesting og ei innviing av dette tilhøvet til Jesus. Fortida er teken fram i ljoset, synder er bekjente og samvitet er reinsa i Jesu blod, Hebr. 9,14. Det er eit ope og reint tilhøve mellom dåpskandidaten og Jesus, og han lengtar etter den heilage stunda når han skal få stiga ned i vatnet og bli vigsla til eit liv i lag med Jesus. Aron sine søner vart fødde til prestar, men før dei kunne gjera prestetenesta, måtte dei gjennomgå ein prestedåp og salvast med olje. Frå då av skulle dei slutta med verdslege gjeremål og gå inn i prestegjerninga. (Dersom Paulus i Ef. 5,25-26 siktar til dåpen, så kjem det inn i denne samanhangen.) Den innstillinga skulle dåpskandidaten òg ha. Det er ikkje valg av yrke det her er tale om for oss, men ei "attfødd" livsinnstilling der me med alt me er og har er innstilte på å tena Jesus, Rom. 12,1 flg. Dette var den innstillinga eg sjølv gjekk dåpen i møte med. Hadde våre teologar skjøna kor store verdiar som ligg løynde her, så hadde dei kasta barnedåpen får seg som ein pestsmitta klednad. Den sanne, apostoliske dåpen har ført mange inn i liding for Jesu namn skuld. Det viser kyrkjesoga klårt. Djevelen kan aldri forsona seg med at me skal fylgja Guds ord fullt ut på dette punktet. Det må vera eit viktig strategisk punkt for han, sidan han brukar både list og makt for å halda folk unna dåpsvatnet. Men han skjønar visst ikkje at han på den måten stadfestar kva Guds vilje er når det gjeld dette. Det er ikkje tilfeldig at det nett i dette 3. kap. i Peter sitt fyrste brev står om å lida for Jesu namn skuld.
6.
Ap.gj. 2,38, 22,16 -
Omvending og dåp.
Får ein syndeforlating i dåpen - eventuelt barnedåpen? Barnedåpen høver ikkje i dette ordet då her står: "Omvend dykk". Syndeforlating får ein etter 1. Joh. 1,9 ved å sanna syndene sine. Så spørsmålet om syndeforlating må truleg knytast meir til den fyrste lekken her, "omvend dykk", enn til den andre om å la seg døypa.
Ordet til (gresk: eis) kan tyda både føra fram til og som knyter seg til. Det siste har me eit døme på i Matt. 10,41."Omvend dykk", svara Peter, "og la dykk alle døypa på Jesu Kristi namn (i tilknyting) til forlating for syndene.......".
Når det gjeld Den Heilage Andes gåve så er den sjølvsagt knytt til både omvending og dåp. Når det gjeld Ap.gj. 22,16, så er det der tale om Paulus som alt hadde fått attesten: "No bed han". I Ap.gj. 9,11, så hadde han tatt imot Jesus som sin Frelsar og hadde fått tilgjeving for syndene sine. Men her gjeld det same som me har sett i mange andre avsnitt om dåpen: Det gjeld om å ta farvel til dei gamle syndevanane og gå inn i ein ny livnad. Det skulle dåpen tena til. Ordrett står det: "Og no, kvi nøler du ? - Stå opp, bli døypt og vask av syndene dine kallande på Hans namn". Hadde det her vore tale om syndeforlating, så hadde det nok stått på ein annan måte. Det må vera det ytre livsførsel det er tale om. Og der gjorde då òg Paulus reint bord som få andre. "Det gamle er borte, sjå alt har vorte nytt", skriv han. Det er berre Jesu blod som kan reinsa frå all synd, når me vandrar i ljoset.
7.
Titus 3,4-7:
Andens nyskapingsarbeid.
Ordrett står det her: ".....Andens atterføings og fornyings bad.......", - gjennom dette badet frelste han oss. Både atterføding og fornying er her knytt til "Andens ......bad". Det er nok mange som knyter atterfødinga til dåpen, men eg har aldri høyrt nokon som knyter fornyinga til dåpen. Det må såleis vera eit anna bad det her er tale om, truleg heile den gjerning som Anden gjer i oss og med oss når han får koma til. Til den samaritanske kvinne sa Jesus at det vatnet han ville gi henne, skulle bli ei kjelde med vatn som skulle vella fram til evig liv. Her seier dessutan Paulus at Anden rikeleg er sendt over oss. Det blir bad både innvendig og utvendig. Til slutt viser han til rettferdiggjeringa ved Guds nåde (v/7), grunnen under heile.
8.
Tru og dåp.
Røkjer me etter, finn me ei overveldande mengd med skriftavsnitt som viser oss ein klår samanhang mellom tru og dåp. Det har då òg vore barnedåpen sitt store dilemma. Somme tider tydde ein til den utvegen at fadrane skulle tru i staden for barnet inntil barnet kunne svara for seg sjølv. Nokre grip til denne utvegen enno. Luther forkasta ei tid ein slik tanke, og nærmast harselerte over han. I den Danske Folkekyrkja, spør dei barnet etter forsaking og tru, men det er fadrane som svarar. Her i Noreg har ein slutta med slik komedie, men me er ikkje ute av dilemmaet med det. Mange prøver å bevisa at barnet trur, men det blir ei anna slags tru enn den som Bibelen talar om.
La oss sjå litt på kva Bibelen meiner om tru:
I Rom. 10,17, står det: "Så kjem då trua av høyringa og høyringa ved Kristi ord". (I grunnteksta står det høyringa og ikkje forkynninga.) Og at det her gjeld høyring med det naturlege øyra, skulle ikkje vera nokon grunn til å diskutere, for det står òg at det må vera nokon som forkynner (v/14). Men skal det å høyra evangeliet bli til nokon gagn, så må den åndelege høyrsla opnast ved Kristi skapande ord. Då fyrst kan me ta imot ordet i tru og bli frelste. Det var det som hende med alle dei som me skal ta fram som døme. Hebrearbrevet seier om tru at det er "full vissa om det ein vonar, overtyding om ting (realitetar) som ein ikkje ser",Hebr. 11,1.
Luther siterer i ei preik (dr. M. Luthers fullstendige Kirke - Postille I, side 440- 42), Mark. 16,16 , Rom. 1,17 og Joh. 3,15 og 18, og seier: "Det er klare, tydelige ord for, at enhver må tro for seg selv, og at ingen kan hjelpe ham å tro, når han selv ikke tror. Dette må man ikke vike fra eller fornekte, under noen omstendighet, og man skal heller la verden gå under, før man forandrer denne guddommelige sannhet. Og om noe tilsynelatende skulle være i strid med dette, så si at du ikke forstår det, og legg det på Gud, før du innrømmer noe imot disse klare ord. La hedninger, jøder, tyrkere, småbarn eller hvem det skal være, være hva de måtte være: Disse ord skal og må ha rett og være sanne". Etter å ha gått i rette med Den Katolske Kyrkja som døypte på fadrane si tru og dei waldensinske Brødre som nektar at borna trur og endå døyper dei, seier han: "Og om vi nå ikke kunne svare bedre på dette spørsmål og bevise, at de små barn selv tror og har egen tro, så er det mitt trofaste råd og kjennelse, at man straks avstår jo før jo heller og aldri mer døper noe barn, på det at vi ikke bespotter og håner Guds høylovede majestet med slikt aldeles tomt narreverk og gjøgleri". Luther vart nok ikkje ståande fast på disse sine "Pauli" ord, sjølv om heller han aldri greidde å bevisa at spedbarnet har den tru som er eit vilkår for å bli døypt. Når det gjeld Matt. 28,19, så har me alt sett at verbet matevsate klårt ber i seg at evangeliet må bli forkynt og motteke i tru, før dåp kan koma på tale.
Mark. 16,15-16
er om mogeleg endå klårare. Den som tek imot evangeliet i tru, blir frelst frå sine synder, og blir døypt, skal oppnå evig frelse. Men den som er vantru (apistesas) skal bli fordømt. Desse orda er ikkje mynta på småbarn, for dei kan ikkje vera vantru. Ap.gj. 2,38. Her står ikkje ordet tru, men omvending, og ingen kan oppleva ei omvending utan tru på Jesus. I Kornelius sitt hus, Ap.gj. 10,43 f , forkynte Peter at " kvar den som trur på han, får forlating for syndene i hans namn". Og dei tok imot i tru slik at "Den Heilage Ande fell på alle dei som høyrde talen hans". Etter ein slik veldig reaksjon på evangeliet, baud Peter at dei skulle døypast i Jesu namn. Fangevaktaren i Filippi, Ap.gj. 16,30 f. , spurde Paulus og Silas kva han skulle gjera. Svaret var: "Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og ditt hus". Etter ein tale, vart dei døypte dei som hadde høyrt ordet. Og dei var hjarteglade, ikkje fordi dei hadde vorte døypte, men fordi dei var "komne til trua på Gud". Hoffmannen frå Etiopia fekk evangeliet forkynt ut frå Jes. 53. Han tok imot og vart døypt. Me finn at alle skriftene i N.T. som omtalar dåp har eit einstemmig vitnemål om at dåp krev positiv reaksjon på evangeliet.
Kan me finna spor etter barnedåp i N.T. ?
Alle teologar er samde om at barnedåp ikkje er direkte omtala i N.T. Men somme dreg den slutning at der står om at NN og heile hans hus vart døypte, har det òg vore born med. Men les me desse skriftavsnitta med ettertanke, vil me fort oppdaga at det ikkje kunne vore så, for det som gjorde at dåp kom på tale, var at dei tok imot evangeliet. Det var deira positive reaksjon på forkynninga. På pinsedag fekk dei eit stikk i hjarta og spurde kva dei skulle gjera. I Kornelius sitt hus fall Anden "på alle dei som høyrde talen hans". - "Desse har fått Den Heilage Ande nett som vi. Kan nokon nekta dei vatnet og hindra at dei vert døypte"? Spedborna talar ikkje i tunger og lovpriser Gud! Noko liknande vil me finna i alle dei høve der det er tale om heile hus. Likevel skriv lærde professorar store verk for å bevisa at det kunne ha vore born med. Lenger kan ingen gå. I "Ung Teologi", tidsskrift som er utgitt av studentar på Menighetsfakultetet, stod det ei interessant overskrift i 1.nr. 1969. To tyske teologar, som begge held på barnedåp, går imot kvarandre i dette spørsmålet som me har for oss. Dei heiter Kurt Aland og Joachim Jeremias. Dei har granska N.T. i detalj når det gjeld dette spørsmålet. Jeremias meiner det kan ha vore born med, og held det for mest truleg, medan Aland meiner nei.
9.
Kyrkjefedrane sine vitnemål.
Kan dei såkalla kyrkjefedrane, kyrkjeleiarane som levde i den fyrste etterapostoliske tida, gi oss sikre vitnemål om at apostlane praktiserte barnedåp ? Me kan trygt svara nei. Aland og Jeremias har òg granska det spørsmålet i detalj. Og dei har blitt ståande med ulike konklusjonar utan å kunna overtyda einannan. Men sjølv ikkje Jeremias vågar å seia at kyrkjefedrane gir sikre vitnemål om at apostlane praktiserte barnedåp. Men dei tykkjest vera samde om at dei fyrste sikre utsagn om barnedåp kjem omlag samstundes med læra om arvesynda - i midten av 200 - talet. Andre kjelder opplyser at det då ikkje var spedborn det var tale om, men ei jente på 8 år. Barnedåpen tykkjest å gå hand i hand med andre vranglærer som trengde seg inn. Barnedåpen vart meir og meir aktuell etter kvart som den katolske kyrkja voks fram og vart statsautorisert. Me skal merka oss at det ikkje vart praktisert barnedåp i dei beste kristne familiane.
Ambrosius, biskop i Milano, død 397. Han ætta m.a. frå martyren Sotharis. Ambrosius vart døypt 34 år gamal, då han vart utpeikt til biskop i Milano. Hieronymus, død 420, omsette Bibelen til latin. Han var fødd av kristne foreldre, men vart fyrst døypt 20 år gamal. Augustin, død 430, vart døypt 33 år gamal. Far hans var heidning, men sette seg ikkje imot at hans fromme mor Monica oppdrog guten som ein kristen. Fyrst på 600 - talet var barnedåp vanleg. Men heile tida var det ein del kristne som ikkje godtok barnedåpen. Dei døypte med apostolisk dåp, òg dei barnedøypte. Men då kristendomen vart romersk statsreligion på slutten av 300 - talet, kom det eine dekretet etter det andre som truga med dødsstraff for dei som døypte "omatt" romerske statsborgarar - medlemmer av den Katolske Kyrkja. Denne forfylginga av kristne som praktiserte apostolisk dåp heldt ved til langt inn i 1500 - talet. Og ein reknar med at mellom 30 - 50.000 kristne har lide martyrdøden fordi dei ikkje ville vika frå si overtyding i dåpsspørsmålet. Deira fasthet i trua skal òg inspirera oss i dag.
10.
Neddukking.
Luther seier om dette: "Dåp heter på gresk "baptismos", på latin "mersio", det vil si, at noe dykkes helt ned i vann, så vannet slår over det". Han slår kraftig til lyd for at den som skal døypast blir dukka heilt under i vatn slik at meininga med dåpen kjem tydeleg fram, (tale 1519). Neddukkingsdåpen heldt seg lenge etter at barnedåpen vart vanleg, og det vart bygd dåpskummar i katolske kyrkjer heilt til det 14. hundreåret. 66 slike kummar (baptisteri) kan ein finna i gamle katolske kyrkjer i Italia i dag. I den greskkatolske kyrkja brukar dei ennå neddukking. Jødekristne godtek berre neddukkingsdåp den dag i dag. Er det mengda av vatn det kjem an på ? - Det er eit spørsmål me ikkje har lov å stilla. Me har berre å vera lydige mot Jesu ord: "Eg har fått all makt i himmel og på jord. Gå difor ut og vinn læresveinar mellom alle folkeslag. Dukk dei (i vatn) i namnet til Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lær dei å halda alt det eg har bode dykk...........". Skal me få del i lovnaden som kjem til slutt, må me vera nøye med det han har sagt.
11.
Jesus og borna.
Læresveinane kom til Jesus og spurde: "Er det få som blir frelste?" Jesus svara: "Streva alt de kan for å koma inn gjennom den tronge døra". Kanskje Jesus vil svara noko liknande på vårt spørsmål. Det er truleg læra om arvesynda som gjer at barnedåpen er så seigliva. Denne læra vart særleg utforma av Augustin og ført vidare med stor kraft av Luther. Det trengst eit grundig oppgjer med denne læra, men det kan ikkje gjerast her og nå. Eg vil berre peika på at etter Rom. 3,23-26 og Rom. 5 så er arven frå Adam broten av Jesus. Etter Kristus er me komen i ein totalt ny stilling. Det gjeld òg borna. Så lenge dei ikkje har vendt seg imot Jesus eller valt synda (heidningane), så står Guds rike ope for dei i kraft av Jesu Golgataverk. For det er ikkje lenger det at me er syndarar eller gjer synd som fordømer oss, men vantru (Mark. 16,16). Og vantruande kan ikkje eit lite barn vera, for fyrst må dei ha høyrt evangeliet om Jesus, som dei tar imot i tru eller forkastar i vantru.
Men når dette er sagt, må me gjera det tindrane klårt at det gjeld om at borna kjem inn under Guds Andes innverknad så tidleg som mogeleg, alt frå mors liv av, for Johannes døyparen var fylt med Guds Ande frå mors liv av. Og så at dei får høyra om Jesus. Frå to år og oppover sluker dei det dei får høyra om Jesus. Seinare kan det bli vanskeleg.Så skal me gjera som Jesus gjorde - la åndsfylte kristne leggja hendene på dei og velsigna dei.
Tone Rø
04.04.2018 08:25
Heisann. Så spennende å lese om din historie. På mange måter er den veldig lik min. Jeg fikk undervisning av Torben Søngdergaard gjennom "The Pioneer School " og " The Last Reformation".
Asgeir
04.04.2018 15:19
Hei igjen. Takk for kommentar. Dette er skreve av far min som var redaktør for Troens Bevis i Sarons Dal og lærar på bibelskulen der.
Casin Lounge
10.10.2011 18:48
Intressting, really like this! Good!!! :)
www.vipcasinoslounge.com/se
Asgeir
14.10.2011 22:50
Thank you
Nyeste kommentarer
06.03 | 14:38
Det blei sagt under eit foredrag med Dr. McLean
10.04 | 13:38
Greetings in Christ Our Lord. I belongs to Christian, . In 1976 when I am in High School Final(10th Class) Went to Summer Bible School. With Sports and Games preacher taught on Exodus of Israel in Bi
04.04 | 15:19
Hei igjen. Takk for kommentar. Dette er skreve av far min som var redaktør for Troens Bevis i Sarons Dal og lærar på bibelskulen der.
04.04 | 08:25
Heisann. Så spennende å lese om din historie. På mange måter er den veldig lik min. Jeg fikk undervisning av Torben Søngdergaard gjennom "The Pioneer School " og " The Last Reformation".